søndag 05 september

Dyrskuplassen i Seljord - Brukt- og delemarknad lørdag 23. mai

Skrevet av iSeljord.no. Foto:Jan Thorstein 22/5-2009

Det er klart for årets skattejakt på Dyrskuplassen - den 10. i rekka. Brukt og delemarknaden blir arrangert 23. mai, kl 8.00 – 17.00. Her blir det sjans for både små og store å finne akkurat det dei er på jakt etter.

Bruktmessa

Foto: Jan Thorstein, www.fotobyrået.no

Arrangementet har god utvikling og interessa for sals stand på marknaden er større enn nokon gong. Vi ventar vel 200 utstillarar med bredt varespekter innan brukt og antikk alt frå bildelar til leiker, bøkar, koppar og kar.

Utstilling av veterankøyretøy med sjåfør i tidsrette kostymer blir eit flott skue med gamle blankpolera farkostar og historiske klesdrakter.

KNA- Telemark stiller med midsize monster-truck, ein spennande sak for alle motorinteresserte. Ein kan også sjå ein Ford Anglia 1961 modell, V8 med dobbel turbo på Gelendervagen understell.

På hittegodsauksjonen kl. 15.30 blir det auksjonera bort syklar, MP3 spelarar og mykje anna spennande, her er det mogleg å gjera gode kjøp.

God heimelaga og kortreist mat frå Storstogo servering, kan ein nyte på plassen, og kjøpe med seg heim.